Helse Vest IKT er eit aksjeselskap som er 100 % eigd av Helse Vest RHF. Vi leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest fordi vi har kostnadseffektivitet, kvalitet, kompetanse og nærleik. Våre kunder er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, og fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. For å klare dette er vi i kontinuerleg dialog med kundane våre. I tillegg sørgjer vi for at sjukehusa sine kritiske system er tilgjengelege heile døgnet. Helse Vest IKT har om lag 400 tilsette. Kontora våre er fordelt utover heile Vestlandet, men hovudkontoret vårt ligg sentralt til i Bergen. Administrerande direktør, Erik M. Hansen har leia Helse Vest IKT sidan etableringa i 2004.